Tytingen-logo

Søke barnehageplass i Tytingen?

Vi får stadig spørsmål kring søking av barnehageplass i Tytingen. Her er nokre svar på det vi ofte får spørsmål om.

Kvar og når skal ein søkje?

Søking på barnehageplass i Tytingen går gjennom Vågå kommune, her https://foresatt.visma.no/vaga. Søknadsfrist for barnehageåret 2025 - 2026 er 1. mars 2025. Om det skulle bli ledig kapasitet hjå oss, altså at nokon sluttar, kan vi og ta inn barn før sumaren 2025.

Kven kan søkje?

Vi tek inn ungar frå 0 til 6 år.

Kven kjem inn?

Alle har moglegheit til å kome inn, men sysken til dei som allereie går hjå oss og barn med spesielle behov har prioritet. Som regel kjem det inn “nye” (som ikkje allereie har sysken i Tytingen) kvart år. Når ein søkjer (berre det er innan 1. mars) har ikkje noko å si for om ein kjem inn eller ikkje.

Kva er forskjell på privat og kommunal barnehage?

Burtsett frå at vi har ulike tilbud er det lite som skil oss frå kommunale barnehagar. Vi har like opningstider og like prisar. Vi serverer alle måltider - noko som kostar 400,- pr månad for ein fulltidsplass.

Kvar finn eg meir informasjon om Tytingen?

Her på tytingen.no finn du informasjon om barnehagen, praktiske opplysingar, vedtekter, ideologi, kontaktinformasjon, og her ligg årets årsplan.