Tytingen-logo

Om Barnehagen

Tytingen Gards- og Naturbarnehage er ein privat barnehage, tilslutta Private Barnehagers Landsforbund.


Eigarar er Ragnhild Runningen, Evy Renate Kveen, Monika Øyen og Gunnar Vestad. Barnehagen ligg på Klones gard, og er godkjent for 36 plassar for barn i alderen 1-6 år.


Lokalet vi nyttar er den gamle rektorboligen, i tillegg har vi tilgang til diverse andre rom og arealer på Klones. Vi har tilgang til fjos og stall på Klones. Sjølve har vi sau, geit og høner, og tilgang på hestar og hund.


Vi har tre fokusområder: Garden og dyra, naturen og friluftsliv og frå jord til bord. Elles legg vi stor vekt på tradisjonar, kontakt på tvers av generasjonar og nærmiljøet.