Praktiske opplysningar
Her er diverse praktiske opplysingar det kan vera greit for foreldre å ha oversikt over.
Opningstid: 7.00-16.30.
Kjernetid: 9.00-14.00. Vi vil gjerne ha beskjed om barnet kjem etter 9.00 eller blir henta før 14.00. Vi er ofte ikkje på barnehagen sitt inngjerda område i kjernetida.
Barnehagen er stengd i heile romjula og i heile påska.
Pris:
Vi følgjer den nasjonale maksimalprisen.
Prisane på opphald for 3, 4 og 5 dagar blir justert kvart år.
Maksimalprisen i barnehagane blir fastsett i Stortinget sitt årlege budsjettvedtak.
Månadleg betaling kr 700 for 5 dager i veka.
I tillegg kjem det kostpris for mat på 400,- for ein fulltidsplass, 320,- for fire dagar og 240,- for tre dagar.
Kjøp av ekstra dag:
Det er mogleg å få kjøpt ekstra dagar, dersom det er ledig plass på avdelinga. Det kostar kr 300 pr dag + kostpris (20 kr), blir samla opp og fakturert i desember og juni.
Sjukdom/fridagar:
Barnehagen vil gjerne ha beskjed dagen før om barnet skal ha fri. Er barnet sjukt er det fint om vi får beskjed om dette før kl 9.00 sidan vi ofte går på tur. Barnet skal ha ein feberfri dag og allmentilstanden skal vere bra før det kjem attende til barnehagen. Ved omgangsjuke (oppkast og/eller diare) skal barnet vera symtomfritt i 48 timar før det kjem attende til barnehagen. Fråvær (sjukdom, fri, ferie osv) kan gjerne meldast i Kidplan-appen.
Måltider:
07.30 - 08.30: Frukost: brødmat, havregraut eller frukostblanding.
10.30: Hovudmåltid for dei minste.
11.00: Hovudmåltid for dei største.
14.00-14.30: Frukt: lett måltid med blant anna frukt.
Klede:
Barna skal ha minst eit ekstra klesskift i barnehagen. Merk kleda så langt det er råd.
I ein naturbarnehage er vi mykje ute. Det fordrar at ungane har gode klede til all slags ver. Eit lag med ull innerst er det aller beste. Ungane må ha godt med skift i barnehagen. Vi har litt låneklede i barnehagen, hugs å ta desse med attende til barnehagen nyvaska.